Miksing i Göteborg
Jaja, så var tida alle har venta på komen; Anal Bros er atter ein gong i Nacksving Studio, denne gong for å mikse og mastre albumet som kjem ut 13. juli. Heile femten spor er i dei stødige miksehendene til Anders Lagerfors som nok ein gong provar at han er ein studio-wizard av rang og får Anal Bros til å låte som pure magic!
Mange lurar nok på kvifor vi i Anal Bros reiser heilt til Göteborg for å spele inn plåta vår. Er det fordi dei er svartelista i norske studio? Vil dei berre ta seg ein harrytur, eller er det berre store ord medan dei eigentleg sit i kjellaren heime og spelar inn i “heimestudioet” sitt? -Spørsmåla er mange, og vi i Anal Bros har sjølvsagt svar! Vi er i det gilde, analoge studioet Nacksving fordi dei gir oss den ballesveitte, pung(b)rokk-lyden vi er ute etter. Lyden er Anal Bros verdig! Rett og slett til å bli rørt av!
Denne lyden hadde Anal Bros sjølvsagt ikkje fått hadde det ikkje vore for dei fantastiske sponsorane vi har, som i det store og heile finansierar studiotida og livsforbruk med vaselin. Ein stor takk til: Lom Kommune, Lom & Skjåk Sparebank, Visus, Frifond, Terje Olstad, Interfil, Livestock-festivalen og ikkje minst legendariske Coop Mega Lom! TAKK! Gå innpå farisear-sida for å sjå deilige logoar av desse støttespelarane!
Det berre å gle seg til den 13. juli når favorittbandet ditt (kva band sa du? Anal Bros sjølvsagt!) kjem ut med årets plate! Mmmmmmm!

Anal Nerds ser ut til å bli det neste prosjektet til desse gutane. Ein sit til og med å les til eksamen under miksinga. Multitasking!




















